Kjære farfar
Eg har aldri kjent deg. Ikkje godt, ikkje som eg hadde vilja. Tenkte du på at det ikkje var mitt val? At eg ikkje veit kven du er? At eg manglar dine historier. Eg manglar å kjenne ditt hjarte.
Likevel er det som eg kjenner deg. Som eg føler ditt nærvær. Når eg tenkjer på deg, føler eg deg. Så er det som eg kjenner deg.
Det er det saknet som alltid har vore. Saknet etter deg. Kan ein sakne når ein ikkje veit kva eller kven det er ein saknar?
Kjære farfar
Kva for ein rett har eg til å vere lei meg no. Kva for ein rett har eg til å felle tårer for deg.
Eg er lei meg, men føler at eg ikkje at eg har noko rett.
Men eg er lei meg likevel.
For saknet. For alt som kunne ha vore, men som ikkje var. For ein relasjon som burde ha vore sjølvsagt.
Eg føler meg halv. Saknet etter halve familien min. Den manglar.
Saknet etter dei eg kjem frå. Stammar frå.
Kjære farfar
Er eg vald vekk? Er eg viska ut? Har eg aldri eksistert i dine auge - i ditt hjarte?
Kjære farfar
Har du tenkt på meg? Har du nokon gong elska meg? Eller brydd deg om meg? Har eg nokon gong betydd noko for deg?
Kjære farfar
Eg har tenkt mykje på deg. Eg elskar deg. Eg bryr meg om deg. Du betyr noko for meg. Fordi du er min farfar. Derfor elskar eg, derfor bryr eg meg. Derfor betyr du noko.
Bandet mellom oss - eg merkar det. Som eg kjenner deg utan å kjenne deg. Forstår du? Når eg tenker på deg. Ser på bilete av deg. Eg hugsar deg. Sjela di. Energien din. Hjarta ditt. Du er ein del av meg. Og det vil du alltid vera.
Kjærleg helsing
Julie
Takk for alle dei fine kursa du hadde for Os Turlag. Du var eit Ja-menneske, positiv og smilande.
Takk for alle de fine turer vi hadde sammen med deg Jarle.
Du var så flink og fortelle om naturen mens vi gikk.
Pappa. Min mentor og læremeister. Du var der alltid når eg trengte ei ekstra hånd. Ba aldri om noko sjølv. For deg var det viktigast at dei rundt deg hadde det bra.. Du var ein av dei fremste ambassadørane for den norske fjellheimen. Du var ein varde. No skal du få kvila. God tur, og hels mamma.
Du var ein bauta og førebilete i turlaget. Takk for alle turar i lag. Me vil savna din kunnskap og turglede.
Min gode kamerat, turvenn, kollega og mentor har sovna❤️. Tusen takk for alle opplevingane, Jarle❤️❤️
Kjære Jarle! Takk for ditt bidrag gjennom mange år for å folket ut på korte og lange turer! Noen ganger var vi begge turledere på lengre turer. Eg kjørte minibuss og du var den kunnskapsrike. Deltakerne elsket ditt nærvær!
Eg fekk sei det til deg for litt over ei veke sidan, men eg seier det igjen; Tusen takk Jarle for all god støtte, kursing, rådgjeving, kunnskap og turar du gav meg og Tysnes Turlag sidan oppstarten av oss. Du blir høgt sakna! Kvil i fred kjære deg ❤️
Takk for godt vennskap og alle dei flott turane me hadde i lag. Gode minner.
Tusen takk for alle turane, det gode vennskapet og eit hav av gode minner. Du blir aldri gløymt, Jarle.
Favoritturleiaren min har lagt frå seg sekk og stav. Kvart år kom du til Fondsbu og gleda oss alle med det gode smilet ditt. Du vil alltid leva i minnet mitt, og dei gode klemmane, latteren din og fine samtaler vil eg for alltid bera med meg. Takk Jarle❤️
Dine Stødige steg over haug og hamar har stilna.
Du er i mål, Beste Jarle, los, mentor og ven.
Signe ditt gode minne.🙏🏼❤️
Takk for godt naboskap på Drømmehaugen.
En sidste hilsen fra Ida, Anne Birgitte, Ruth og Klaus