Verdig Gravferd
Verdig Gravferd
  • English  English
  • Norsk  Norsk
  • Svenska  Svenska
  • Dansk  Dansk
  • Nederlands  Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Hjem
  • Bestill blomster
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Del
  • Portal


    Oskar Bernhard Espeland

    Født 22. august 1932
    Død 9. februar 2025


    Minneord

    Arne Johan Kvamme-Espeland
    2025-02-26



    Pappa vart fødd inn i ein flokk av 3 søstre, og 8 brødre
    Han var yngstemann, slått av tvillingbror Ragnvald på målstreken
    med knappe 15 minuttar.


    Far hans var sjømann, han praktiserte ein regel,
    av å ikkje ha med finklær på båten
    for å unngå å gå i land og bruke pengar
    luten sparte han til familien.


    Dette er eit prinsipp pappa videreførte til sin familie,
    me mangla aldri noko.


    Pappa opplevde tidlig livets alvor, eldste søster hans mista kjærasten, 19 år gamal, i eit flyangrep i Bømlafjorden.


    Eldste bror Jacob var krigsseglar, og stirra døden i kvitauga mang ein gong men han kom vel heim, til slutt.


    Dette kan nok ha bidratt til pappa sitt tidvise alvorspreg,
    men i sanninga var han ein mild mann,
    som over alt brydde seg mest om sin familie, og heimen vår.


    14 år gamal mønstra pappa på båten Leon, han var hardt arbeidande, og slik fortsette han til siste dag.


    Ja faktisk, for dei som ikkje kjenner historia;
    pappa vart ein gong tilbudt jobb som modell dvs håndmodell,
    då ein fotograf syntes hendene hans var eit flott symbol,
    på den tradisjonelle ekte arbeidskaren.


    Pappa takka rett nok nei, det klang ikkje heilt i hans øyre,
    å vera fotomodell.


    Som vaksen sette pappa seg atter på skulebenken,
    og fullførte handelsskulen.


    Han søkte deretter jobb i banken, men når han fikk høyre løna,
    takka han nei, og gikk attende til sjømannslivet
    som kvalfangar på Rydning, i Barentshavet.


    Der opplevde han blant anna å bli tatt i arrest,
    av den Russiske marinen, ja
    for kvalen brydde seg ikkje om nautiske grenser,
    og i tett tåke tok mannskapet sjansen.


    Dette medførte ein motviljug ferie i Murmansk.


    I ettertid tok pappa kystskipper skulen, at han trivdes på havet,
    har det aldri vert tvil om.


    I tenårene vart han kjend med mamma, som reiste ofte til Moster.
    Men havet stod i fokus, og først mange år etter møttes dei igjen.


    I starten skulle han angivelig besøke søster si Martha.
    Dette vart etter kvart eit godt dekke, for å møte mamma.


    Slik pågikk det i mange år, det var ein langvarig dans rundt
    den ekteskapelige grauten.




    Men det spekuleres i eit vendepunkt, den gongen pappa
    fikk besøk i tønna.


    La meg forklare, mamma og Martha var med Rydning ut på havet.
    Det var fint ver, og pappa sat utkikk etter kval, oppi tønna
    i toppen av høgeste masta.


    Der dukka brått mamma opp.


    Oppmerksomheten vart nok litt uklar, for medan dei sat der og speida snudde vinden.


    Brått var det full storm.


    Så der sat dei, heilt til Rydning kom seg til kais på Fedje.
    Var dei ikkje forlova før, så var dei det i alle fall då.


    Dei første åra av samlivet budde pappa og mamma i Bergen,
    der kom Ivar og Birgit til verda.


    Ja, for mamma var ei Bergensfrøken, med forkjærlighet for bl.a. fine sko, noko ho beviste dagen ho sette hælen fast i eit trikkespor, og nekta å vike for trikken


    men dette skremte slettes ikkje pappa vekk.


    Mamma lot seg etterkvart lokke frå bylivet, og aksepterte kultursjokket, av å flytta til Moster.




    Der fikk ho meg, og byta finskoene ut med ansvar som sauebonde, kontordame, hustru og mor - på fulltid.


    Dagen eg vart fødd mønstra pappa av, og fikk seg jobb på verftet.
    Dét var eit kultursjokk, for han.


    På Moster gikk det i gras og tømmer, fisk og svaberg, frukt og bær, sauer og høns.


    Som barn hadde me mykje ansvar men samstundes stor frihet.
    Dette gav oss både praktisk læring, og mange unike opplevingar.


    Eg kan for eksempel fortelja om den gangen hanen vår angreip leikekameraten min Heidi, på 4 år.


    Det var det siste hanen gjorde, pappa reagerte resolutt,
    den dagen vart hanen gravlagt på vestsida av hønsehuset.


    Eg hugsar elles turar til sjøs, turar til skogs, turar til fjells
    samt sauesanking på Åkrafjord tindar, så høge at ein aldri
    skulle trudd nokon ville trø.


    For pappa var både sprek og aktiv, i eit med naturen.
    Dette gav meg erfaring, og inspirasjon videre i livet.


    Men pappa var ingen A4 mann, og han lengta alltid
    attende til sjøen.




    Han var blant dei første som meldte seg for Mobil,
    når olje eventyret for alvor starta
    ein jobb han stod i, til oppnådd pensjonsalder.


    Ja, pappa trivdes på land og til vanns, han var flittig på sjøen
    for å dra garn og i snøre.


    Dét var ikkje alltid like populært blant oss barna
    når menyen kom på bordet.


    Men sunt var det, og i dag et eg heller torsk enn MacDonalds.


    Pappa hadde også lidenskap for hage, blomster, frukt og bær.
    Det ser me igjen rundt barndomsheimen min.
    Eg har mange gode minner med gras mellom tærne.


    Pappa sitt milde vesen vart meir og meir tydelig,
    etterkvart som barnebarn kom inn i livet.


    Han var ivrig i leik med barnebarna Lillian og Cissela,
    det vart mange reiser og langvarige besøk, i Skien og på Sola.


    Reiser til utlandet vart det og, etter at ég møtte min store kjærleik, frå Riga. Brått hadde pappa ei svigerdotter til.


    Mamma og pappa har vært med oss på kjekke bil og båtturar,
    til Estland og til Latvia, samt flyreiser til Polen, Island og til Amerika.






    Pappa sin styrke blei også tydelig med alderen,
    som 74 åring fikk han hjerteinfarkt.


    Han meinte sjølv han berre var litt slakk,
    det endte med helikopter rett til Haukeland,
    og eit arr på brystet, som i ettertid stadfesta alvoret.


    Nokre år etter fikk han lårhalsbrott, det var eit stygt eit,
    og han måtte igjen på rehabilitering.


    Få veker etter var han seg atter seg sjølv igjen.


    Etter det ramla han frå ein stige, under saging av ei grein,
    og knuste bekkenet på fleire stadar.


    Dét såg illevarslande ut, men igjen kom han like kjekk attende,
    etter nok ei rehabilitering.


    Men kreften han hadde i prostata, vart ein kamp sjølv hans styrke,
    måtte vike for.


    Det vart sagt i 16 år at kreften skulle han døy med, ikkje av.
    Det var ein prognose, som viste seg feil.


    I desember i fjor fikk han påvist spreidning,
    i kropp, og til skjelett.


    Det kom som eit sjokk.




    Beskjed var, me kan ingen ting gjera.


    Berre veker før var han i bedene heime, og reiv opp klunger
    og ugras, på krykker.


    Han jobba så hardt at han knapt kunne gå, i 2 dagar etter,
    men han fikk jobben gjort.


    Ikkje uventa, i grunn, for slik var pappa.
    Pliktoppfyllande, tøff og mild.


    Trass mykje smerter i siste fase av livet, klaga han heller aldri.
    Tvert i mot uttrykte han takknemlighet, for sin familie,
    og for mamma, som han bad for til sin siste våkne dag.


    Pappa passerte milepælen Gullbryllup, med 12 år,
    totalt 62 års ekteskap.


    Eg skulle så inderleg sett både 63, 64 og 65,
    men i dag avsluttast eit kapittel,
    eg kjem til å bæra med meg,
    til min døyandes dag.


    Pappa du var alt ein far kunne vera for meg,
    eg vil alltid minnast deg.

    Ivar Leon
    2025-02-18

    Kjære Pappa, du sovnet stille inn med alle i din næreste familie rundt deg - slik du ønsket det. Takk for omsorg, støtte og mange gode råd og praktisk hjelp gjennom 60 år , og takk for mange gode minner og kunnskap du har delt. Du var en mann som ikke brukte så mange store ord, men du hadde ett meget stort og omsorgsfullt hjerte, og viste med handling og klar tale din kjærlighet og omsorg for mamma, barn/ svigerbarn og barnebarn , og andre i din omkrets . Du vil bli sårt savnet - og aldri glemt .

    Lena Espeland Hareide og Petter Hareide.
    2025-02-17
    Minneord

    Takk for alle gode minner om en flott onkel.

    Bente Grindheim
    2025-02-14
    Minneord

    Kjære onkel, du var alltid positiv og blid og hadde ein eigen styrke som gjorde at du stod på til det siste!

    Birgit
    2025-02-13

    Kjære pappa, du sovna så stille inn med oss alle rundt deg. Slik du ønskte. Takk for all omsorg og kjærlighet, støtte og heia-rop gjennom alle år. Alvoret satt dypt, men latteren satt lett. Gleden og smilet over de gode øyeblikk i livet er sterke minner jeg tar med meg. Takk for å ha vært en så snill, god og kunnskapsrik far og den aller beste morfar til Cissela.

    Rolf Magne Larsen
    2025-02-12
    Minneord

    Det er med tungt hjerte vi tar farvel med vår kjære onkel, som har gitt oss så mange gode minner gjennom årene.
    Jeg husker mange turer i lag med familiene våres, fra ferieturer i bil hvor vi fisket i elver på fjellet og campet i telt og hytter, til båtturer i øyene rundt Moster på sommerene,
    Mange gode minner som binges videre i våre hjerter,
    Hvil i fred onkel

    Rolf Magne Larsen m/ famillie

    Heidi
    2025-02-12
    Minneord

    Takk for gode minner

    Kjetil Larsen
    2025-02-11
    Minneord

    Hvil i fred nå onkel,Takk for alle gode minner gjennom barne, ungdom og voksne år. Alt i å få være med å mate høns og sitte på høylasset når det var slått, til fisketurer og bading på holmer og øyer, og mange gode samtaler opp gjennom årene. Takk.

    Kent Arne Espeland
    2025-02-11

    Kjære Onkel, mange barndoms minner på Moster med far og din tvillingbror Peder Ragnvald med familie på Moster, båt turer og familie sammenkomster med oss alle fra Jæren, minner som ikke svinner. Tullipaner og glede for hage, fiske og familie setter sine spor. Takk kjære onkel og familie for din og deres hjerterom når det trengtes som mest, Hvil i fred, jeg tar med meg alle minner herfra og for alltid.

    Mvh Kent Arne Espeland med Familie.


    Tente lys

    Monica Nes
    2025-02-21
    Liv Inger , Liv , Øystein og Lillian
    2025-02-19
    Svein Helge Rolfsen
    2025-02-19
    Kari Ommedal
    2025-02-18
    Jeanette Jakobsen
    2025-02-18
    Robert
    2025-02-17
    Solveig og Ivar Loftås
    2025-02-17
    Lena og Petter Hareide.❤️
    2025-02-17
    Preben Jakobsen
    2025-02-16
    John Christian Selback
    2025-02-15
    Reidar Steinsland
    2025-02-15
    Kari Ekker m/familie
    2025-02-15
    Marit Karin og Terje Haukeland
    2025-02-14
    Bente og Per Tore Grindheim
    2025-02-14
    Endre &liv
    2025-02-13
    Birgit og Cissela
    2025-02-13
    Lars og Mary Gunn
    2025-02-13
    Morten Steinsund
    2025-02-12
    Wenche Lidal
    2025-02-12
    Rolf Magne Larsen
    2025-02-12
    Berge Svendsen
    2025-02-11
    Siv Torunn
    2025-02-11
    sigmund og solveig vetaas
    2025-02-11
    Fredd
    2025-02-11
    Linda frå Åsen
    2025-02-11
    Brita og Kjetil
    2025-02-11
    Masleny Espeland
    2025-02-11
    Reimund Espeland
    2025-02-11
    Kent Arne Espeland
    2025-02-11
    Arne Johan Kvamme Espeland
    2025-02-11
    Margret Vestvik
    2025-02-11
    Kurt Espeland
    2025-02-11
    Frode Urangsæter
    2025-02-11
    Koenraad Beeckman
    2025-02-11
    💚
    2025-02-11
    Verdig Gravferd
    2025-02-11

    Blomsterhilsner

    Reimund Espeland
    2025-02-16

    En siste hilsen og takk for gode minner

    Kurt og Margret, Brit og Bernt, Reimund og Masleny, Kent og Noha

    Kjetil Larsen
    2025-02-16

    Takk for alle gode minner. Martha - Rolf Magne og Kjetil med familier


    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail