Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Kjære Bård
Det er så mykje eg vil takke for.
Eg vil takke for at eg fekk lov til å vekse opp saman med deg. Og for at eg fekk lov til å delta i livsdraumen din.
Me jobba så hardt. Du hardast. Og diskuterte. Og krangla. Ofte høglydt. Men det var ikkje så farleg.
Du var ikkje som andre. Du var ikkje oppteken av fjas. Du var ekte. Og modig. Og sterk.
Eg kjem til å tenkje på deg med glede all mi tid.
Takk.
Kjære guten min! Du var sterk nok til å ikkje bry deg noko særleg om kva "folk" sa og meinte om deg. Du var alltid deg sjølv fullt og heilt, men i motsetnad til Peer Gynt var du ikkje deg sjølv nok. Du hadde uendeleg omsorg for oss, og det viste du! Du sa det du meinte, så. me kunne stola på at me alltid fekk eit ærleg svar hos deg. Det hende me var ueinige om ulike saker, og me hadde mange diskusjonar - men me blei aldri uvenner! Me hadde mange fine turar, både i innland og utland. Takk for at du var akkurat den du var. Me har det vondt no, men me veit kor viktig det var for deg at me hadde det bra, så me skal prøva å trøysta oss alle gode minne me har. Me skal alltid minnast deg med takksemd og glede.
Kjære, gode broren min.
Familien har alltid vore utruleg viktig for deg, og det viste du med handlingar og ord. Eg er så glad for at me har fått delt så mange fine ferieturar, og for alle gode måltid du laga til oss. Me har diskutert alle verdens ting, og me har ledd mykje saman. Eg kjem til å sakna den lune humoren din, og den litt sarkastiske tonen når me var ueinige om noko.
Det er vondt å vera den som er igjen, men det var godt at du fekk kvila no.
Tusen takk for at akkurat du var min bror, eg har så mange gode minner å ta med meg vidare.